
Førde Kulturskule helsar nye søkjarar velkomne. Vi er eit lovfesta kommunalt tilbod og har som oppgåve:
-
å vere ein «kulturskule for alle» i kommunen og regionen. Kulturskulen er eit frivillig skuletilbod i kunstfaga som gjennom opplæring, oppleving og formidling legg grunnlaget for din kulturaktivitet. For nokre er det sosialt og ein hobby, for andre blir det eit studie- og yrkesval. Born og unge er prioritert, men vaksne kan og søke. 400 elevar har plass i kulturskulen kvart år og 17 lærarar er klar med sin kompetanse.
-
å produsere eigne framsyningar, konsertar og utstillingar.
-
å drive Laurdagsskulen for musikktalent i Sogn og Fjordane.
-
å bidra med dirigent og instruktørtenester til det frivillige kulturlivet i regionen.
-
å selje musikartenester både lokalt og regionalt gjennom distriktsmusikarordninga.
-
å stille med kulturinnslag på møter, konferansar o.a.
-
Velkommen Naustdal Frå 2013 samarbeider vi med Naustdal om kulturskuletilbod.
Søknadsfrist: hovudopptak er 15. mai. Men du må gjerne søke heile året.
På nokre tilbod har vi dessverre venteliste.
Velkommen som søkjar!
Med venleg helsing
Trude Skarvatun, rektor