Kontakt

Trude Skarvatun, rektor 
Tlf kontor 57 72 20 94
Tlf mobil   415 05 970
tsk@forde.kommune.no

Postadresse:
Førde kulturskule
Postboks 338,
6802 Førde

Vilkår

Kulturskulen følgjer skuleruta til grunnskulen og har eit hovudopptak i året. Vi tar elles opp elevar gjennom heile året så snart det er ledig plass på eit tilbod. Les vidare om prosedyrar for elevopptak:
 
Prosedyrar for elevopptak i kulturskulen:
- Kulturskulen sitt søknadsskjema skal brukast. De finn elektronisk søknadskjema her på websiden eller i papirformat/brosjyre på servicetorget (5772 2000), kulturskulen (5772 2094) eller på kommunen si webside forde.kommune.no
- Hovudopptaket vert gjennomført i august kvart år.
- Rektor har ansvar for opptaket.
- Søkjaren skal få skriftleg tilbakemelding seinast 1. september. 
- Søkjarar som ikkje får plass ved hovudopptaket vert sett på venteliste. 
- Søkjarar på venteliste får tilbod om plass når det vert ledige plassar. Prioriteringa skjer etter ansiennitet på ventelista og alder. 
- Søkjarar med spesielle behov og søkjarar med ansiennitet frå andre kulturskular kan prioriterast etter søknad.  
- Søknaden er bindande ved opptak. Utmelding må skje skriftleg med frist 15.11 for vårsemesteret og 15.5 for haustsemesteret.
- Søkjarar som får tildelt plass får skriftleg informasjon om fast tidspunkt og plass for undervisninga, tid for første oppmøte og namn og telefonnummer til læraren.

Når nokre av våre lærarar er fråværande gjer vi kva vi kan for å skaffe ein kvalifisert vikar slik at undervisninga går som den skal. Vi klarer ikkje alltid å finne vikar og må avlyse undervisninga. Melding om avlyst undervisning vert sendt ut per sms til det mobilnummer som vi har registrert i vår database. Kulturskulen kan avlyse 2 undervisningsdagar per elev og semester. Vert det fleire avlysingar i løpet av eit skuleår kan vi gje kompensasjon på 2 ulike måter:
  1. Vi lager eit opplegg som tar igjen avlyst undervisning.
  2. Vi gir reduksjon i elevpengane.

Dette vert ikkje gjort dei to første avlysingane.
 


Søknadsskjema