Laurdagskule

Laurdagsskulen i Sogn og Fjordane 2013-14

Laurdagsskulen 
for unge musikarar 
i Sogn og Fjordane

Laurdagsskulen er eit fylkesdekkande tilbod til talentfulle, 
unge musikarar mellom 12 og 19 år. 
Vi samlar unge som vil noko meir, unge som har talent for musikken 
og unge som ynskjer å bli stimulert enno meir enn heimkommunen kan tilby. 
 
Ved å treffe andre som spelar på eit høgt nivå vert ein inspirert og får nye vener med felles interesse!

Fagleg innhald
Vi skal ha 4 laurdagssamlingar per halvår, der ein i tillegg til samspel på hovudinstrumentet får kjennskap til musikkteori og høyrelære. Teorifaga handlar mykje om å få nyttige reiskapar for å kunne spisse øyrene og verkeleg lytte til, og forstå, det som skjer i musikken. Det utviklar oss som musikarar når øyrene er skarpe. Det er dessutan ein fordel å vere kjend med desse faga dersom du t.d. ynskjer å søkje musikk/ dans/ drama på Firda VGS eller GUT (Griegakademiet Unge Talenter).
 
På samlingane er det samspel i mindre grupper der hovudfokus er å utvikle musikarane gjennom ensemble- og konserttrening. Å spele saman krev at vi lyttar, justerer og tek stilling til korleis ting skal låte og så er det i tillegg sosialt og kjekt!
Opptaket er avhenging av at vi kan få i stand gode samspel muligheter på samlingane.

Praktisk
Tilbodet er finansiert av Norsk Kulturskuleråd S&Fj, Sparebankstiftinga S&Fj, Fylkeskulturavdelinga og dei lokale kulturskulane. 
Det er heimkommunen som bestemmer kva tilbodet kostar for den enkelte, ta kontakt med din eigen kulturskule for info.
Rektor og læraren din må ha godkjent at du søkjer. Kulturskulen pliktar dessutan å gje deg til saman 40 min undervisning kvar veke, slik at du får jobba nok til å kunne vere med på laurdagsskulen. Samlingane vil ligge sentralt i fylket, avhengig av kor søkarmassen kjem frå.

Prøvespel
Det vert prøvespel til Laurdagsskulen tre stader i fylket: Sogndal 12. juni, 
Sandane 13. juni og Florø 
14. juni. Alle tre på kveldstid.
Dette føregår slik: 
Eleven presenterer seg med to ulike musikkstykke. Deretter blir det ein samtale mellom elev, føresette og laurdagsskuleleiinga for gjensidig å avklare forventningar og motivasjon for deltaking. Påmeldingsfrist til prøvespelet er 1. juni 2013. 
Søknadsskjema på www.fordekulturskule.no 
(under Laurdagsskule)

Helga Lied Wyrtz, distriktsmusikar i Førde, vil vere tilstade på alle laurdagssamlingane og vil fungere som kontaktperson for musikarar og andre. 
Helga er koordinator for Laurdagsskulen og kan kontaktast på helga.wyrtz@forde.kommune.no eller 474 00 942.

Datoar for skuleåret 2013-2014:
 
13.-14. september
(med overnatting)
26. oktober
 9. november
 7. desember
18. januar
 1. mars
29. mars
26. april
 
Prøvespel:
Sogndal: 12. juni
Sandane: 13. juni
Florø:   14. juni
 
Påmelding:
Frist 1. juni
 
Aldersgrense:
12 - 19 år
 
Fagleg innhald:
- musikkteori
- høyrelære
- ensembletrening
- konserttrening
- 40 min time i din 
  lokale kulturskule
 
Øvingsstad:
sentralt i fylket
avhengig av kor søkjarmassen kjem frå
 
Kostnadar:
Kontakt din eigen kulturskule for info.
 
Kontakt:
Helga Lied Wyrtz
474 00 942
helga.wyrtz@forde.kommune.no
www.fordekulturskule.no